Bernhard Luncke

Topograf for Norges Svalbard- og Ishavs-undersøkelser og Norsk Polarinstitutt

18894–1963

Fullt navn: Bernhard Luncke

Ingeniør Bernhard Luncke kom frå Gudbrandsdalen. Etter fleire år med tekniske jobbar i Oslo studerte han vidare ved Technische Hochschule i Danzig 1921–23. Så drog han heim til Noreg og blei tilsett hos Adolf Hoel i det som i 1928 skulle bli NSIU. Han var med på 19 ekspedisjonar, også til Jan Mayen, Børnøya og Antarktis. 
 
Luncke var ein pioner innanfor flyfotogrammetri, og internasjonalt anerkjent fagmann på dette. Frå 1936 var han leiar for flyfotograferingsarbeidet på Svalbard. Så seint som sesongen 1958/59 var Luncke leiar for Operasjon Pingvin, som gjorde eit stort kartlegginsarbeid med fly i Dronning Maud Land. Han var då 64 år.