Skipskaptein. Han var skipper på Southern Cross under Borcgrevinks pionerekspedisjon til Antarktis 1898-1900. Han førte skipet lenger sør enn nokon andre hadde gjort før.
1853–1915
Bernhard Jensen blei fødd i Våle utanfor Tønsberg. Som mange andre unggutar drog han til sjøs etter konfirmasjonen. Han reiste nordover og var mange sesongar med på sel- og kvalfangst. Han kom så langt nord som 82 grader. Kring 1890 var han skipper på eit dampskip på selfangst.
I åra 1893–95 var Jensen andre styrmann om bord på «Antarctic» i Sørishavet. Svend Foyn stod bak ekspedisjonen, han ville utforska sel og kval i sør med tanke på fangst. I januar 1895 var Jensen med på å heisa det norske flagget på Kapp Adare, saman med bl.a. Borchgrevink. Desse to skulle nokså snart koma tilbake dit.
Carsten Borchgrevink (1864–1934) hyra nemleg den erfarne Bernhard Jensen som kaptein på «Southern Cross» til sin store ekspedisjon til Det antarktiske fastlandet 1898–1900. Ekspedisjonen var engelsk finansiert med norsk sjef og norsk mannskap på skipet. Dette vart den første overvintringa på kontinentet. Ekspedisjonen vart (iallfall delvis) vellukka, trass i store konfliktar. Den unge zoologen Nicolai Hanson døydde av sjukdom og vart den aller første til å bli gravlagt på Det antarktiske fastlandet.
Skipper Jensen førte «Southern Cross» heilt ned til Kvalbukta inst i Rosshavet. Skipet var konstruert av Colin Archer og klarte seg svært godt, også i orkan. I Sørishavet må Jensen nøye manøvrera seg fram gjennom isfylte farvatn fram til landingsplassen ved Kapp Adare. I mars 1899, etter at alt utstyret er sett i land, segler «Southern Cross» nordover for å overvintra på Campbelløya heilt sør i New Zealand, og vidare i Bluff.
Farvel, farvel min venn Borchgrevink. Gid du kommer seierrik tilbake i 1900 og overrasker verden og oss alle!
Frå Bernhard Jensens dagbok 1. mars 1899.
For ekspedisjonsdeltakarane på land blir ventetida lang. Men endeleg, den 28. januar 1900 er «Southern Cross» med kaptein Jensen trygt tilbake ved Kapp Adare for å henta ut mannskapet. Etter ei strevsom ferd gjennom Sørishavet når ekspedisjonen fram til New Zealand i april. Ekspedisjonen reiser så heimover med andre skip, kapteinen med mannskap segler «Southern Cross» via Sør-Afrika til London.
Kaptein Bernhard Jensen viste seg tilliten verdig. Rutinert og roleg førte han «Southern Cross» heilt sør gjennom svært krevande farvatn og trygt heim att.
