Geolog og polardirektør
1889–1980
Fullt navn: Anders Kristian Orvin
Anders K. Orvin vart fødd i Hattfjelldal som yngste son til prest Ole Tobias Olsen, «Nordlandsbanenes far». Han tok geologisk/mineralogisk utdanning ved Universitetet i Oslo, der han fullførte doktorgraden i 1934. Alt i 1913 var han med på Adolf Hoels ekspedisjon til Spitsbergen. Dei to skulle koma til arbeida tett saman dei neste tiåra.
I 1914 deltok han på storbror Ørjan Olsens ekspedisjon til Sibir. I 1917 var hn både Ørjan til Sibir og Hoel til Spitsbergen. Frå 1918 til 1921 var Orvin driftsstyrar ved Dalen Gruber i Telemark. Frå 1921 vart det Svalbard på fulltid, Orvin starta då i jobb for «De statsunderstøttede Spitsbergen-ekspedisjoner» som i 1928 vart til Norges Svalbard- og Ishavs-undersøkelser, som i 1948 vart Norsk Polarinstitutt.
Orvin var med på ekspedisjon til Svalbard 11 gonger før andre verdskrigen, pluss tre til Aust-Grønland. Han leia oppføringa av Isfjord Radio og fyrlysa på Svalbard i mellomkrigstida. Ved frigjeringa i mai 1945 vart Adolf Hoel straks arrestert, og Orvin rykka opp som sjef for NSIU fram til 1948.
I 1948 vedtok Stortinget å oppretta Norsk Polarinstitutt, Harald Ulrik Sverdrup vart henta heim frå USA til jobben som direktør for den nye institusjonen, med Anders K. Orvin som nestkommanderande. Sverdrup døydde brått i 1957, og Orvin rykka opp som direktør. Han gjekk av med pensjon 1. april 1961.
Orvin gjorde grundige studiar i den postkaledonske sedimentære lagserien på Svalbard. Det geologiske arbeidet inkluderte også undersøkingar av kolfelta i Ny-Ålesund, som han tok doktorgraden på, og på Bjørnøya. Gjennom eit pionerarbeid med flyfotografering klarte Orvin og kollegaene hans å laga det første samla geologiske kartverket over Svalbard.
Orvin var ikkje berre oppteken av geologi. Han var sentral i arbeidet med å etablera norske, konsistente stadnamn på Svalbard etter at Noreg fekk tildelt øygruppa. Han deltok i namnearbeidet også som pensjonist. På ekspedisjonane sine dokumenterte han grundig fangsthyttene rundt om på Svalbard. Han vart beskriven som ein god, gammal nøysam heidersmann.
Polaråret 1932–33

Det andre Polaråret kom midt under den økonomiske depresjonen på 1930-tallet. Dette satte sitt preg på den vitenskapelige innsatsen både i Norge og internasjonalt. Som i 1882–83 var også det andre Polaråret et stort internasjonalt geofysisk forskingssamarbeid. Dette var et fagområde der Norge hadde et sterkt vitenskapelig miljø å spille på. De to meste sentrale […]
- Brev fra Daniel Nøis til Anders Orvin, biografiske opplysninger om Hilmar Nøis
- En tidløs vikingtype | Aftenposten, 18. januar 1963
- Harald Ulrik Sverdrup. Minnetale skrevet for astrofysisk tidsskrift
- Brev fra Raudi Prestrud til Anders K. Orvin 12.02.1947
- Brev fra Anders Orvin til Ministeriet for Grønland ang. Eivind Astrups minnetavle 08.11.1958