Sigurd Helle

Topograf, polarforskar, målmann og samlar. Leia Den norske Antarktisekspedisjonen 1956–60.

1920–2013

Fullt navn: Sigurd Gunnarson Helle

Sigurd Helle blei fødd i Hylestad, Setesdal i 1920, utdanna cand.mag. i Oslo i 1948. Han assisterte ein periode nordlysforskinga til professor Størmer. I 1949 byrja han som geodet (landmålar) i Norsk Polarinstitutt. Feltarbeidet omfatta astronomiske posisjonsbestemmingar, triangulering og målingar av geomagnetisme og tidevatn. Den siste feltsesongen hans var i 1985.

Helle var leiar for Den norske antarktisekspedisjonen 1956–60. Ekspedisjonen hadde base på issjelfen 70° 30ʹ s.br., 02° 32ʹ v.l. Deltakarane kalla stasjonen Fimbul, men det offisielle namnet vart Norway Station. Ekspedisjonen utførte kartleggingsarbeid og vitskaplege undersøkingar i Dronning Maud Land i tre år. Opphavleg plan var to overvintringar med 14 mann. Men så pågjekk det intense forhandlingar om ein Antarktistraktat, den norske regjeringa måtte visa at dei meinte alvor. Etter litt utskfiting av mannskap vart det ei tredje overvintring med ni mann.

Det vart sagt at Helle var kraftig sjøsjuk på ferda sørover, så han hadde ingen ting imot å forlenga opphaldet. Slik fekk han utsett seilasen nordover med eit år. Kolleger har også kommentert at Sigurd hadde laber interesse for lønn og avgrensa arbeidstid.

Norway Station vart i 1960 overlaten til Sør-Afrika som dreiv den vidare eit par år under namnet Sanae I, før den snødde ned. I februar 1960 stifta Kong Olav Antarktis-medaljen, i form av Kongens fortenestemedalje i sølv med inskripsjonen Antarktis, og namnet på mottakaren på baksida. Denne gjekk til 37 personar det året, som alle var involverte i ekspedisjonen på ulike måtar.

I 1989 fekk Sigurd Helle kongens fortenestemedalje i gull. I februar 2005 var Helle, og bl.a. Dronning Sonja, særskilt invitert gjest til opninga av den utvida overvintringsstasjonen Troll.

Helle var i mange år leiar og primus motor i Setesdalslaget i Oslo, og ihuga målmann. Han var også ein stor samlar. Her finn du katalog over arkivmateriale etter Sigurd Helle hos Norsk Polarinstitutt:

Radiointervju på Valle Radio:

Den norske Antarktisekspedisjonen 1956–1960. Med Sigurd Helle og Hans Martin Henriksen. Valle Radio, 2021. Transkribert tekst
Den norske Antarktisekspedisjonen 1956–1960. Med Sigurd Helle og Harald Dag Jølle. Valle Radio, 2021. Transkribert tekst