Berner Jørgensen

Myteomspunnen fangstmann, overvintrar og sjømann

1861–0000

Berner Jørgensen blei fødd på Holmen i Målselv i 1861. Etter det som er sagt, fekk han kallenamnet «Bei(t)saren» fordi han brukte møbelbeis på reiskapar, som folk flest tykte var overflødig. 

På 1890-talet jobba han som harpuner på ishavet, han var også med på fangst av kvitkval med not. 

I 1901–03, altså i to år, overvintra Jørgensen med fire mann på Zieglerøya og Edgeøya, mens dei berre hadde forsyningar for eitt år. To av mennene, Alfred Pedersen og Bernt Pedersen, døydde av skjørbuk, truleg fordi dei ikkje ville eta grønsaker og bjørnekjøt. Berner gifta seg seinare med enka etter halvbroren Bernt. 

1905–6 overvintra han på Akseløya. 1906–7 var han tilbake på Ziegelerøya saman med Karl Bengtssen, vinteren etter var han i Raudfjorden. Det heitte seg at han på Svalbard brukte ein gammal hovudskalle til å kverna kaffi. 
 
I 1909 var Jørgensen med på Lars Hansens ekspedisjon til Kristofa Bay på Novaja Zemlja, med jaktskipet «Jasai», styrt av skipper Ole Olsen (Olli) fra Ramfjorden. 
1910–11 var Beisaren leiar for overvintringslag i Bellsund, utrusta av Lars Hansen. 
 
I 1917, i Newcastle, melde Beisaren seg inn i avhaldslosjen. Utpå kvelden endte det med at han feira innmeldinga med å drikka seg «søkka full». 
 
Forfattar Lars Hansen har brukt Berner Jørgensen som modell for sin litterære figur Beitsaren. Ein av dei yngre fangstfolka som blei opplært av Beisaren, var Peder Pedersen «Ullsfjording». Etter den doble overvintringa 1901–3 skreiv Beisaren ein fin attest til Peder. 

Mot slutten av første verdskrigen forsvann Berner Jørgensen frå bybildet, somme meinte han skulle til Novaja Semlja, der han hadde vore før. Men borte blei han. 

Da de nærma seg Norge, fikk de praia en ålesunder. De spurte om assistanse til oppunder norskekysten. Ålesunderen forlangte halvparten av fangsten, men da svor Beisaren på at før skulle både han og skuta gå ned før han gikk med på slikt.

Edvard Ørnes i Polarboken 1967/68