Folkemengde på snødekt jorde, et luftskip er i ferd med å lette.
Folkemengde på snødekt jorde, et luftskip er i ferd med å lette.

1928 Nobiles arktiske luftskipsekspedisjon med «Italia»

15. april 1928 starter Nobile med sitt italienske mannskap med N-4, døypt «Italia», frå ein hangar i Milano på ferda nordover mot Ny-Ålesund. Den strabasiøse ferda tek tre veker. Den 23. mai starter ekspedisjonen med 16 mann på siste strekket mot Nordpolen. Dei når polpunktet etter eit snautt døgn i lufta. På returen styrter «Italia» ned i den arktiske havisen. Ni mann overlever. Så starter det som truleg var den største redningsaksjonen verda hadde sett. I juli blir til slutt dei no åtte overlevande henta av den sovjetrussiske isbrytaren «Krassin».

location_on

manage_accounts Umberto Nobile

sailing N-4

Ferda med luftskipet «Norge» 

Amundsen-Ellsworth-Nobiles luftskipsekspedisjon 1926 med «Norge» frå Svalbard over Nordpolen til Alaska hadde vore ein suksess. Men det var med stort vemod konstruktøren Umberto Nobile tok farvel med «barnet sitt» utanfor Teller, Alaska. I boka si «Mitt liv som polarforsker» starter Roald Amundsen i 1927 ein svertekampanje mot italienaren Nobile.

Ny ekspedisjon 

Nobile begynte då planlegginga av ein ny arktisk og vitskapleg luftskipsekspedisjon. Han ville visa nordmennene at ein italiensk ekspedisjon kunne klara brasene i nord. Han hadde også behov for å koma seg unna Mussolinis fascistiske styre. 

Nobile fekk lovnad om lån av hangaren i Ny-Ålesund og bruk av luftskipsmasta i Vadsø. Den italienske marinen bidrog med fartøyet «Città di Milano» som gjekk til Svalbard. Nobile planla til og med, i samråd med Fridtjof Nansen, måling av havtemperatur med nedfiring av instrument frå luftskipet.

Frå Roma gjekk ferda først til Milano der dei siste førebuingane fann stad. Det var få store nok hangarar tilgjengelege, og neste stopp var Stolp (no: Słupsk) i Nord-Polen. På vegen nordover var dei heldige og dyktige nok til å koma seg gjennom ein haglstorm. Etter eit langt opphald starter «Italia» 3. mai på den lange etappen frå Stolp til Vadsø. Alt same dagen passerer dei Stockholm. Her flaug dei lågt og sleppte ned eit brev til Malmgrens mor.

 
Dagen etter kan Italia fortøyast til masta i Vadsø for å fylla drivstoff. Dei kjem seg også velberga til Ny-Ålesund. Fire dagar går med til å fiksa skader og slitasje frå ferda nordover. Den 10. mai frå Malmgren og Nobile klarsignal frå Tromsø om godt flygevêr, men turen nordover mot Svalbards nodkyst vert kort.

Mot Nordpolen 

Den 15. mai er forholda igjen betre, og Italia starter på ei ferd austover der dei passerer både den nordre delen av Frans Josefs land, Severnaja Semlja og nordspissen av Novaja Semlja. Den vellukka turen (4.000 km) tok 69 timar. Etter nokre dagar med kvile var tida inne for å flyga til Nordpolen. 
 
Den 23. mai flaug ekspedisjonen nordvestover mot nordspissen av Grønland, før kursen vidare gjekk rett nordover til polpunktet. I tillegg til det italienske flagget vart ein kross frå paven sendt ned på nitti grader nord. Nobile sveva over Nordpolen for andre gong på to år. Revansjen var eit faktum.

 
Luftskipet havarerer 

Returen mot Svalbard blei fort prega av motvind, og dei brukte mykje meir drivstoff enn planlagt. Utpå føremiddagen 25. mai klarer dei ikkje lenger å halda Italia oppe, luftskipet smell ned i pakkisen. Gondolen blir slått laus frå sjølve luftskipet. Det sterkt skada skipet blir ført bort med vinden, med Arduino, Caratti, Alessandrini, Lago, Ciocca og Pontremoli. Dei vart aldri funne.

Pomella døydde kort tid etter havariet. Resten var i live, men meir eller mindre skadde. Posisjonen var omtrent 81 grader nord, 25 grader aust, nærmare 15 mil nord for Nordaustlandet. Dei ti overlevande, terrieren Titina inkludert, klumpar seg saman i det kvadratiske raude teltet dei får sett opp. Dei finn rundt i isen både drivstoff, mat, pistol og radio. 

Nødsignal 

Dei får radioen i gang, men får ingen svar på naudsignala. Dei får inn radiomelding om at folk er urolege over ikkje å ha høyrt frå luftskipet. Isflaket driv austover. Somme av dei som er friske, er ivrige etter å gå den lange marsjen mot Nordaustlandet før dei driv for langt vekk. Etter nokre dagar gir Nobile tre mann lov til å forlata leiren: Zappi, Mariano og Malmgren. 

Endeleg, den 6. juni blir SOS-signala frå det raude teltet fanga opp, og dei får svar. Steminga stig. 

Mange redningsaksjoner 

Det er sett i gang eit stort apparat for å leita etter «Italia». Dagen etter krasjet, på pinseaftan, bli kaptein og pilot Hjalmar Riiser-Larsen kalt inn til møte hos den norske forsvarsministeren. Riiser-Larsen blir straks leiar for det norske redningsarbeidet. Han involverer ikkje Roald Amundsen. Men Amundsen nekter å bli oversett. Han får etter kvart napp hos den franske marinen, som stiller ein «Latham» flybåt med mannskap til disposisjon.

Peter Wessel Zapffe skildra situasjonen slik:

Hele polbassenget vrimlet av hjælpe-ekspedisjoner i sjøen, på isen og i luften. En brænding av journalister og fotografer skyllet nordover fra kokende verdensbyer der rotasjonspresssene lå som umættelige øgler av stål og hvæste av utålmodighet. 

Det raude teltet 

I det raude teltet får dei meldingar om det internasjonale redningsarbeidet, inklusive den sovjetrussiske isbrytaren «Krassin». Og 18. juni finn den italienske piloten Maddalena leiren. Han slepper ned litt forsyningar, men kan ikkje landa. Den 23. juni klarer den svenske piloten Einar Lundborg å landa ved teltet. Nobile bed han ta med seg den skadde Cecioni tilbake. Men Lundborg parerer at det må bli Nobile sjølv, som aksepterer dette under tvil. Det blir han seinare kritisert for, for å seia det mildt. Titina blir også med Lundborg til Ny-Ålesund.

Tida går, den 12. juli får dei fem gjenverande i teltet melding på radioen om at «Krassin» nærmar seg, og same kvelden legg isbrytaren til ved isflaket, tretti meter frå leiren. Dei er redda! Om bord var også dei medtekne Zappi og Mariano, som «Krassin» hadde plukka opp på vegen. Malmgren var død av utmatting lenge før «Krassin» kom fram. 

Roald Amundsen, Leif Dietrichson, og det franske mannskapet Guilbaud, de Cuverville, Brazy og Valette om bord i «Latham» var forsvunne på vegen frå Tromsø til Svalbard. Det vart sett i gang eigne leiteaksjonar utan andre resultat enn at ein flottør og ein bensintank etter kvart vart funne.
 
Dessutan døydde tre italienske offiserar (Penzo, Della Gatta og Crosio) då flybåten «Marina II» flaug inn i eit kraftspenn og styrta i Frankrike på veg heim frå leiteekspedisjonane. Umberto Nobile vart diskreditert både i Noreg og i heimlandet. Han fekk ikkje høve til å publisera dei vitskaplege resultata frå ekspedisjonen. 

Filmatisering

Dramaet på isen vart i 1969 filmatisert, med Sean Connery i rolla som Roald Amundsen, og Peter Finch som Umberto Nobile. Filmen var ein internasjonal samproduksjon mellom Italia og Sovjetunionen og ble dubba til ei rekke språk, blant anna engelsk. 

I 2022 blei teiknefilmen om Nobiles hund Titina lansert. Filmen tek for seg Nobiles to luftskipferder sett gjennom hunden Titina sine augo. Filmen er ein norsk-belgisk produksjon, basert på dei historiske hendingane. Den er dramatisert og tilrettelagt for barn, noko som kanskje kan vekka den yngre generasjonens interesse for polarhistorie.