Fangstmann frå Tromsø
1898–1960
Fullt navn: Gunnar Kielland Knoph
Gunnar Knoph blei fødd i Tromsø 5. juli 1898, son av maskiningeniør Helovard Knoph. Tok handelsskule, men drog til sjøs med amerikanske skip alt som 17-åring. Gunnar gifte seg med Valborg (Sveen) i 1922. Seinare, i 1939, med Fredrikke Antonie (Holm). Fekk tilsaman fire born i dei to ekteskapa.
Frå 1923 til 1926 dreiv Knoph drosjebilforretning i Tromsø. Så drog han til Hornsund (sør på Spitsbergen og dreiv fangst der vinteren 1926/27 saman med Levin Winther. Så var Winther og Knoph utstasjonerte på Krogness i Aust-Grønland der dei overvintra frå 1928 til 1930. Grønland freista til gjentaking, og Knoph drog til Søraust-Grønland med bl.a. Henry Rudi og Finn Devold frå 1931 til 1933. Her i Trollbotn var det mykje fin røye, elles mager fangst.
Knoph slo seg saman med Henry Rudi og overvintra med han i Rijpfjorden 1934/35. Fangsten var dårleg, og dei reiste ned til Halvmåneøya og Edgeøya og overvintra der 1935/36. Dei oppførte ny fangststasjon i Dianabukta. På Halvmåneøya var det god isbjørnfangst; Knoph kom attende hit og overvintra 1937/38 med Otinius Rasmussen og i 1939/40 med Magnus Ottarsen frå Laukvik. Denne siste sesongen vart det rekordfangst med 116 isbjørn.
Knoph kunne gjøre hva som helst; han kunne alt, det hadde jeg sett på han fra den dagen jeg møtte han. En snedig kar med hendene, den Gunnar Knoph.
Henry Rudi om Gunnar Knoph i «Henry Rudi: Isbjørnkongen»
Knoph var busett på Laukvik på Senja (Hillesøy kommune) under okkupasjonen, der han dreiv småbruk. Han vart i 1942 i statsråd oppnevnt til distriktsjegermeister for Troms, Finnmark og Svalbard. Ordninga opphøyrde i 1945. Hausten 1946 fekk han bot for landssvik i Malangen herredsrett. Frå 1946 av var Knoph engasjert i det store arbeidet med opphogging av Tirpitz. Han døydde 2. januar 1960 etter fleire års sjukdom.
Tragedien i Augustabukta
Det var en av Svalbards mest kjente fangstfolk, den 50-årige Gustav Lindquist som ledet fangstekspedisjonen hit. Hans 30- årige fangstkarriere startet på Nordaustlandet i 1902, og han hadde også erfaring fra så vel Grønland som ishavet ellers.