Topograf, polarforskar, målmann og samlar. Leia Den norske Antarktisekspedisjonen 1956–60.
1920–2013
Fullt navn: Sigurd Gunnarson Helle
Sigurd Helle blei fødd i Hylestad, Setesdal i 1920, utdanna cand.mag. i Oslo i 1948. Han assisterte ein periode nordlysforskinga til professor Størmer. I 1949 byrja han som geodet (landmålar) i Norsk Polarinstitutt. Feltarbeidet omfatta astronomiske posisjonsbestemmingar, triangulering og målingar av geomagnetisme og tidevatn. Den siste feltsesongen hans var i 1985.
Helle var leiar for Den norske antarktisekspedisjonen 1956–60. Ekspedisjonen hadde base på issjelfen 70° 30ʹ s.br., 02° 32ʹ v.l. Deltakarane kalla stasjonen Fimbul, men det offisielle namnet vart Norway Station. Ekspedisjonen utførte kartleggingsarbeid og vitskaplege undersøkingar i Dronning Maud Land i tre år. Opphavleg plan var to overvintringar med 14 mann. Men så pågjekk det intense forhandlingar om ein Antarktistraktat, den norske regjeringa måtte visa at dei meinte alvor. Etter litt utskfiting av mannskap vart det ei tredje overvintring med ni mann.
Det vart sagt at Helle var kraftig sjøsjuk på ferda sørover, så han hadde ingen ting imot å forlenga opphaldet. Slik fekk han utsett seilasen nordover med eit år. Kolleger har også kommentert at Sigurd hadde laber interesse for lønn og avgrensa arbeidstid.
Norway Station vart i 1960 overlaten til Sør-Afrika som dreiv den vidare eit par år under namnet Sanae I, før den snødde ned. I februar 1960 stifta Kong Olav Antarktis-medaljen, i form av Kongens fortenestemedalje i sølv med inskripsjonen Antarktis, og namnet på mottakaren på baksida. Denne gjekk til 37 personar det året, som alle var involverte i ekspedisjonen på ulike måtar.
I 1989 fekk Sigurd Helle kongens fortenestemedalje i gull. I februar 2005 var Helle, og bl.a. Dronning Sonja, særskilt invitert gjest til opninga av den utvida overvintringsstasjonen Troll.
Helle var i mange år leiar og primus motor i Setesdalslaget i Oslo, og ihuga målmann. Han var også ein stor samlar. Her finn du katalog over arkivmateriale etter Sigurd Helle hos Norsk Polarinstitutt:
Radiointervju på Valle Radio:
Polaråret 1957–58
De to første gangene var Norges bidrag i all hovedsak knyttet til arktiske strøk, men i 1957–58 var det Antarktis som ble prioritert. Hvorfor var det slik? Det vanskeligste spørsmålet under International Geophysical Year (IGY) kom til å bli Antarktis. I 1939 annekterte Norge et stort område i Antarktis, Dronning Maud Land. Anneksjonen og suverenitetskravet […]
1956–60 Den norske Antarktisekspedisjonen – Norway Station
Under Polaråret i 1957-58 som inngikk i det Internasjonale Geofysiske år deltok Norge med en treårig vitenskapelig ekspedisjon til Antarktis. Norge hadde i 1939 annektert en del av det antarktiske kontinent, Dronning Maud Land, og for at dette kravet fortsatt skulle være gjeldende, var det i 1956 på tide å vise tilstedeværelse på kontinentet.
Bilder
Lyd
-
Den norske Antarktisekspedisjonen 1956–1960|Valle Radio
-
Den norske Antarktisekspedisjonen 1956–1960|Valle Radio