Byggmeister Ludvig Sørensen frå Vesterålen jobba i tjue år for Store Norske Spitsbergen Kulkompani i Longyearbyen. Han vart kjent som Svalbards beste hundekjørar. Tilbakela med hundespann om lag 60.000 kilometer på Svalbard.
1893–1972
Ludvig starta tidleg i byggfaget. Han fullførte teknisk utdanning i København og slo seg ned i Melbu som byggmeister. I 1921 drog han til Svalbard til jobb i Store Norske Spitsbergen kullkompani og blei der heilt fram til evakueringa i 1941.
Frå før var Sørensen interessert i sport og friluftsliv, men hundekjøring lærte han frå botnen av på Svalbard. Utstyret var då primitivt, hundane hadde gjerne ein tauring om halsen, som ga smertefulle gnagsår. Sørensen brydde seg om dei robuste hundane, han utvikla betre seletøy av skinn, trukke med mjukare stoff. Og han laga betre sledar.
Hundespann var sentrale i logistikken på land der oppe i mellomkrigstida. Sørensens største hundespann var på 23 hundar! Men då var dei to mann til å kjøra. Han vart beundra av mange, men sjøl sa han at han berre gjorde ein vanleg jobb.
I 1932 kjørte Sørensen og hundane hans 20 tonn byggemateriale og utstyr opp på det 1050 meter høge Nordenskiöldfjellet for den svenske polarekspedisjonen. Den siste kneika måtte godset heisast opp med talje. Han vart assistert av Johannes Hagen.
Hvordan han kan finne fram i mørke og snøstorm, er meg en gåte.
Sysselmann Wolmer T. Marlow, 1937
I 1938 vart Sørensen gift med Jenny Løberg, som var messestyrar i Longyearbyen. Dei hadde kjent kvarandre i åtte år. Jenny sa at «det er så kaldt der oppe at kjærligheten trenger tid til å varmes opp.» I 1939 vart Sørensen tilsett som styrar i Sveagruva. Også der fekk han tid til å kjøra dei 15 hundane sine.

I slutten av mars 1941 braut det ut brann i gruve 2 i Longyearbyen. Sørensen kom kjørande med spannet sitt dei ti–tolv mila frå Sveagruva. Kontorsjefen kjem styrtande og spør om Ludvig straks kan få hundane klare til å kjøra ut att. Han måtte til Grumant og henta gassmasker med meir, det galdt liv. Sørensen nølte ikkje. Då han endeleg returnerte til Longyearbyen, var spørsmålet om han orka ein tur til Sveagruva etter sløkkemateriell derifrå. Det orka han, og hundane. På to døgn tilbakela spannet nærmare førti mil, med lita tid til å kvila og eta. Etter å ha sela av hundane, kunne Sørensen endeleg velta seg ned i ei køye.
September same året kom den brå slutten på svalbardlivet, Sveagruva og Longyearbyen vart evakuerte med «Empress of Canada». Frå Glasgow vart Jenny, hundane og sersjant Sørensen sende til Akureyri. I Akureyri hamn ville ikkje Sørensen ha hundane opp på eit lasteplan. Han spente for hundane, som drog lastebilen heile distansen ut til leiren dei skulle til.
Saman med Jenny styrte så Ludvig det som vart «Norges Hus» i Akureyri. Etter krigen slo paret seg ned utanfor Drammen. Her konstruerte Sørensen ein solid slede som kunne brukast på weasel, traktor eller snowmobil. Han tok patent, reiste til USA og fekk sett i gang produksjon for bl.a. US Army. Han hadde også to opphald i Longyearbyen etter krigen som byggmeister for Store Norske.
Ludvig Sørensen hadde eit heilt spesielt forhold til hundane sine. Dei fekk godt stell, han trong verken slå eller kjefta på dei.
