Legendarisk operasjonssjef for Norsk Polarinstitutt på Svalbard. Sette rekord med 38 feltsesongar.
1928–2011
Fullt navn: Thor Hamburg Siggerud
Thor Siggerud utdanna seg til geolog ved Universitetet i Oslo. Han tok embetseksamen i 1954 på avhandlinga Geologien på en del av kartbladet Lifjell. Han var vitskapleg assistent ved universitet 195–54. Rett etter eksamen starta han i jobb som statsgeolog ved NGU. Han interesserte seg tidleg for uran og thorium og var på studietur i USA 1957.
Januar 1960 gjekk han over frå NGU til å bli geolog ved Norsk Polarinstitutt. I 1963 starta han i stillinga som operasjonssjef for polarinstituttet på Svalbard. I denne rolla vart han også sentral i arbeidet med å bygga opp forskinga i Ny-Ålesund etter den store gruveulukka.
Førsteinntrykket hans av polarinstituttet i 1960 var ein søvning institusjon som trengte fornying.
Med sine 38 feltsesongar slo han til og med Adolf Hoel. Han hadde ord på seg for å vera ein myding sjef. Omgrepet HMS var knapt nok oppfunne, men Siggerud var oppteken av dette. Ingen alvorlege ulukker i hans «regjeringstid» på Svalbard. I ei årrekke kalla han opp alle feltpartia kvar kveld for ei lita oppsummering av stoda.
I 1960 gifta Siggerud seg med paleontolog Natascha Heintz (1930–2025), dei fekk sønene Erling og Ole.

Jeg er redd det er lagt for mye til rette for forskningsaktiviteten slik at det ikke er nok penger til å drive forskning, smiler Thor Siggerud
Birger Amundsen intervjuer pensjonisten i Svalbardposten, 8. september 2006.
