Alt i 1934 starta Widerøe det som skulle bli Noregs lengstlevande flyselskap. I 1936-37 flaug han over Antarktis i kartleggingsarbeid på Lars Christensens ekspedisjon.
1904–2002
Som seksåring såg Wiggo Widerøe eit fly for første gong. Han bestemte seg straks for å bli flygar. Det klarte han til gagns. Som tjueåring kom han inn på Marinens Flyskole i Horten. Han begynte som sivil flygar i 1930. Broren Arild gjekk same vegen, og dei var med på fleire flystevne dei neste åra for å samla støtte til «flysaken».
Desse to starta familieselskapet Widerøes Flyveselskap A/S som ekspanderte utover 1930-talet. Dei første åra var det primært sjøfly. Selskapet starta tidleg opp med flyfotografering, til kartlegging, postkort, reklame og sal.
Alt i 1936 tok Viggo eit avbrekk for å bli med på det store eventyret i sør. I oktober vart Widerøe kalla inn til møte med konsul Lars Christensen i kvalfangstbyen Sandefjord. Christensen ønska seg ein flygar til å kartlegga deler av det antarktiske kontinentet. Flyfoto skulle danna grunnlag for nye kart. Widerøe sa ja – i oppveksten var han sterkt fascinert av Nansens og Amundsens polare bragder. Og han fekk av Christensen frie hender til å plukka ut folk og utstyr.
Han valde ein 5-seters Stinson med 350 hk Wright motor. 12. november vart flyet lasta om bord i «Thorshavn». I januar -37 vart flyet i Sørishavet overført til kvalbåten «Firern», som vart base. Den 27.1.37 klaffa det med gode flygeforhold, og store delar av kystområdet mellom Vestbarrieren og Thorshavnbukta blei kartlagt med flyfotografering. Flyet tok av og landa i sjøen ved «Firern» for så å bli heist om bord.
Kameraet om bord hadde eit halvår tidlegare vore brukt til flykartlegging på Svalbard. Den 31. januar kunne flyginga ha enda katastrofalt. Flyet hadde ikkje fått fulle tankar med drivstoff. Etter fire timar i lufta oppdaga flygaren at det berre var 50 liter att (ikkje 125). Då var det berre å flyga rett mot «Firern» med strupa motor. Det heldt akkurat, dei klarte seg utan naudlanding.
Den 4. februar flaug Widerøe og co. innover land og oppdaga ei ukjent fjellkjede som fekk namnet Sør-Rondane. På basis av alle flyfotografia publiserte seinare kaptein H.E. Hansen «Atlas over dele av det antarktiske kystland». Landet innanfor kysten frå 82 til 10 grader aust var fotografert, frå australsk sektor til den komande norske sektoren Dronning Maud Land. Arbeidet på denne ekspedisjonen var med på å legga grunnlaget for at Noreg annekterte ein norsk sektor i Antarktis i 1939.
Flyantrekket innover Antarktis var kjeledress og småsko. Ingen vits å kle seg for eventuell nødlanding på isen – ingen ville funnet dem uansett.»
Viggo Widerøe i intervju i 2002, kort tid før han døydde
Viggo Widerøes dotter Turi var sjølv ein flypioner. Ho tok sitt første flysertifikat i 1962. Faren var ikkje begeistra. I 1966 kvalifiserte ho seg som kaptein og begynte å flyga orinære ruter langs kysten. Dette var nesten utenkeleg for kvinner på denne tida, og ho vart ein medieyndling. Mange år seinare skreiv ho ei grundig masteroppgåve i historie om flykartlegging i Antarktis på 1930-talet.
Arild Widerøe omkom i flyulukke i 1937. Bror Viggo heldt likevel fram med å driva flyverksemda si. Han, og seinare kona Solveig, var involvert i motstandsarbeid under den andre verdskrigen. Han vart arrestert i 1941 og sat i ulike leirar fram til kapitulasjonen.
Widerøe vaks seg etter krigen til eit stort flyselskap, ikkje minst i nord og i distrikta.
