Legendarisk kvænsk ishavsskipper.
1815–1873
Fullt navn: Johan Mattilas Johannesen
Juhani Mattinlassi emigrerte som ung mann frå Kemi, Finland til Hammerfest. Kona Grete var frå Matarenki. I Noreg vart han bokført som Johan Mattilas Johannesen. Familien flytta til Tromsø, der Johan etter kvart vart ein av dei store ishavsskipperane, vanlegvis omtala som berre Mattilas. Han var ein respektert mann, som sat ein periode i kommunestyret i Tromsø.
I mange år var Mattilas kvar sommar på fangst i farvatna rundt Svalbard. Han bygde seg etter kvart opp ei lita formue på blant anna fangst av kvalross. Fangsten inneheldt også kobber, reinsdyr, isbjørn og dun frå ærfugl. I 1855 var Søren Zachariassen som 17-åring skårunge hos Mattilas. Mattilas var skipper på «Elida», «Sydkap» og «Anna Elisabeth».
Spetsbergens lyckligaste, lugnaste och mest originella valrossjägare.
Arvid Moberg omtaler Johan Johannesen Mattilas i polarårboken, 1950
I 1864 var Mattilas med «Anna Elisabeth» på fangst heilt oppe ved Nordaustlandet. Nevøen Erik på 11–12 år var med på sin debut som fangstmann. Med på turen var også «Danoline»,og «Æolus» med skipper Sivert Tobiesen. Fangsten var svært god. Dei tre skutene vart fast i isen på sørsida av Nordaustlandet i august. Fartøya måtte forlatast, 37 mann gjekk i båtane og begynte å ro. Dei rodde og segla 700 km gjennom Hinlopenstretet, rundt Spitsbergen på nordsida og ned til Isfjorden. Dette tok ni dagar. Det var lite forsikring «i hine hårde dage», og tapet var stort.
Hausten 1872 fraus fleire skuter fast i isen ved Gråhuken nord på Svalbard, blant anna Mattilas med si «Elida». Situasjonen var prekær, dei hadde ikkje proviant til overvintring. Samstundes måtte polarforskaren Adolf Nordenskiölds ekspedisjon ta ei ufrivillig overvintring i Mosselbukta litt lenger aust. Nordenskiöld ville hjelpa så godt han kunne, han tipsa også om at det var eit nytt hus på Kapp Thordsen (i Isfjorden) med rikelege forsyningar.
Dei fleste kom seg sørover i småbåtar i løpet av hausten. Skipper Mattilas ville bli igjen på Gråhuken for å passa på skutene og fangsten. Han hadde lenge tenkt på å ta ei overvintring på Svalbard. Med seg hadde han den unge kokken Gabriel Anderssen frå Kristiansund. Dei to kvelva småbåtar og trekte skinn over til ei primitiv hytte.
Dei førte dagbok fram til dei blei for sjuke av skjørbuk i februar 1873. Den tragiske dagboka blei funnen saman med dei to lika utpå våren.


