Ser ein på debatten om polarekspedisjonane i samtida, blir ein slått av at dei konservative, unionsvennlege avisene Morgenbladet og Aftenposten var minst like aktive aksjonsorgan for polarekspedisjonane som venstreavisene.
Det var ei venstreregjering som avviste å løyve pengar til skituren over Grønland i 1888, og det var ei høgreregjering som sette fram forslag om at staten skulle finansiere Fram-ekspedisjonen mot Nordpolen både i 1890 og då det blei trong til ekstraløyving i 1893. Argumentet for å støtte polarekspedisjonar var at på dette området var der ein kappestrid mellom nasjonar om store symbolske profittar, dvs. om nasjonal ære.
Blant motstandarane kan vi finne i alle fall tre argumentasjonstypar. Éin var den tradisjonelle bondepolitiske, sparepolitiske og utilitaristiske: dette hadde ein verken åndeleg eller materiell nytte av. Ein annan var sosialradikal og gjekk ut på at polarekspedisjonar var noko for dei rike, og derfor burde dei også finansierast av dei rike og ikkje av vanlege folks skattepengar. Ein tredje trekte i tvil den vitskaplege legitimeringa: var ikkje dette i realiteten rekordorienterte sportsprestasjonar som ikkje vedkom staten?