Vi jobber på spreng for å oppdatere oss med nytt innhold og design, og vi skal også sørge for at nettsiden er universelt utformet. Ny side lanseres medio 2023. Tilgjengelighetserklæring

Banner forside, Norsk Polarhistorie

1905 – Nansens tredje ekspedisjon?

Venstre på unionsradikal plattform

Under fyrste stortingsdebatten om Fram i 1890 køyrde venstremannen Viggo Ullmann sterkt fram dei sosialradikale motargumenta. I 1893 støtta han løyving. Bakgrunnen er at Venstre i mellomtida hadde konsolidert seg på ei unionsradikal plattform. Det svekte dei sosialradikale motførestillingane og gjorde venstresida meir mottakeleg for høgresidas nasjonale retorikk i dette spørsmålet. Jamvel dei fremste sparepolitikarane snudde, slik at motførestillingane i 1893 fyrst og fremst kom frå enkelte sportsfiendtlege høgrefolk og vestlandske, kristne frå "Moderate Venstre".

Retorikken om å unngå at "framande pengar" skulle finansiere Frams drift over Polhavet, dvs. svensk finansiering ved Oscar Dickson, blei brukt både av Venstre og Høgre, og ingen sa at ein felles norsk-svensk ekspedisjon ville vore ein fin måte å styrke unionen på.

Men det inneber ikkje at for høgresida var Fram eit innlegg mot unionen. Høgre var like mykje som Venstre oppteke av å styrke og fremje landets internasjonale prestisje og arbeide for større likestilling innan unionen. På båe sidene var ein også oppteken av at polarbedriftene skulle samle nasjonen på tvers av politisk strid.

Kva var det som skapte strid? Det var nettopp unionspolitikken, og derfor måtte den, og Nansens eigne politiske sympatiar, haldast heilt i bakgrunnen under og etter ekspedisjonen. Fram skulle samle der unionsstriden kløyvde. Derfor var også dei konservative avisene så glade for at avrøystinga i Stortinget hadde vore "upolitisk", dvs. at der hadde vore motstandarar og tilhengjarar av løyving i alle parti.