Banner forside, Norsk Polarhistorie

Persongalleri

J.Kr. Tornøe  (Personbilde)
Tornøe på "Signalhorn" på hans siste Grønlands-ekspedisjon. Foto: Gunnar Tornøe

Johannes Kristoffer Tornøe

1891 - 1970

Sekretær, kaptein, historikar

Johannes Kristoffer Tornøe (eller J. Kr. Tornøe, som han brukte i skriftleg samanheng) vaks opp ved Stadlandet i Nordfjord. Han vart tidleg oppteken av hav, fiske og historie. Etter artium tok han både økonomisk og militær utdanning, og fekk kapteins grad i infanteriet 1935.

I 1922 begynte Tornøe som stortingsmedarbeidar i Nationen. Han starta snart også ei karriere i Bondepartiet og Norsk bondelag. På tjuetalet vart han alliert med dei sentrale grønlandsaktivistane Gustav Smedal og Adolf Hoel. I løpet av 15 år hadde Tornøe sekretærverv o.l. i organisasjonar som Norsk bondelag, Fedrelandslaget, Norges Grønlandslag, Bondepartiets stortingsgruppe, NSIU, Ishavsrådet og Statens kontor for nye arbeidstiltak.

I 1928 deltok Tornøe på sin første polarekspedisjon, under leiing av Hoel. Det var den første norske svalbardekspedisjonen etter at ”Norges Svalbard- og Ishavsundersøkelser” var etablert ved stortingsvedtak (NSIU). Svalbard-sesongen 1928 vart prega av at Roald Amundsen med mannskap forsvann i flyet ”Latham”. Tornøe var med på å gjennomsøka indre delar av Isfjorden med båt.

Han samla også inn plantemateriale til Botanisk museum i Oslo. I 1930 og 1931 deltok han på norske ekspedisjonar til Aust-Grønland (i 1931 var han ekspedisjonsleiar). Ekspedisjonane sette m.a. opp fangsthytter som skulle underbygga norsk hevd på det nyleg okkuperte ”Eirik Raudes land”.

Tornøe var særleg interessert i norrøn historie, relatert til Grønland og Nord-Amerika. Dette fekk han bruk for som sekretær for ”Norges Svalbard- og Ishavs-råd”, med Hoel og Smedal i sentrale posisjonar. Konflikten mellom Noreg og Danmark om Aust-Grønland vart behandla i Haag-domstolen 1931-33, og Tornøe søkte støtte for Noregs sak i historia, kunnig som han var i norrønt språk. Han deltok aktivt i arbeidet for å vinna oppslutning om grønlandssaka bl.a. i pressa og i Stortinget.

Etter privat initiativ okkuperte Noreg ”Eirik Raudes land” aust på Grønland i 1931. Sommaren 1932 fann aktivistane Hoel, Smedal og Carl Marstrander at tida var inne for ein liknande okkupasjon heilt sør på den grønlandske austkysten. Tornøe fekk i oppdrag å dra til Sverige for å senda hemmeleg melding om dette i telegram til fangstfolka i det aktuelle området. Tornøe reiste, sjølv om han var betenkt. Han ringte heim frå Karlstad. Også Hoel og Smedal var no meir i tvil, og dei vart samde om å utsetja okkupasjonen.

I artikkelen Hvitserk og Blåserk frå 1935 argumenterer Tornøe for at to fjell som er omtalt i norrøne kjelder, ligg så langt nord som Blossevillekysten på Grønland, og at det faktisk er mogeleg, i Grønlandsstredet, å sjå land på Grønland og Island samstundes.

Seinare fekk Tornøe utgjeve fleire bøker med vidare utvikling av teoriane om den ekspansive norrøne historia, sjå litteraturlista. Han var m.a. overtydd om
at Leiv Eiriksson nådde heilt til Cape Cod (Massachusetts) på si vinlandsreise.
Han spekulerte også på om Columbus deltok på ein ekspedisjon til Labrador i 1476/77 under den danske sjøfararen Johannes Scolvus (Skolp)!

Frå 1949 til 1960 hadde Tornøe lange opphald i USA, der han har arbeidd for markering av Leiv Eiriksson både som offisiell minnedag og i form av ein Vinlandspark ved Cape Cod.

Bøker og hefte av Tornøe:
- Grønlandssaken i partipolitikkens tjeneste. 1933. 32 s.
- Hvitserk og Blåserk. 15 s. (NSIU. Meddelelse, nr 30). Særtrykk av Norsk
geografisk tidsskrift 1935 nr 7
- Lysstreif over Noregsveldets historie. 1944. 218 s. (NSIU. Meddelelse, nr 56)
- Early American history: Norsemen before Columbus. Univ.forlaget, 1964.
126 s.
- Columbus in the Arctic? and the Vineland literature. 1965 (2.utg. 1967)

Manuskript:
- Dagbok for J.Kr. Tornöe paa Grønlandsekspedisjonen med D/S Signalhorn høsten 1931. (Originalen hos Norsk polarinstitutt)
- Fiskerier og fangst i Norges sjøområde. 1941. 101 sider. (Kopi hos Norsk
polarinstitutt)

Om JKTs rolle i grønlandssaka:
- Blom, Ida (1973). Kampen om Eirik Raudes land: pressgruppepolitikk i
grønlandsspørsmålet 1921-1931. Gyldendal. 438 sider