Banner forside, Norsk Polarhistorie

Persongalleri

Kåre Lundquist (Personbilde)
Foto: Norsk Polarinstitutt

Kaare Lundquist

1912 - 1988

Kaptein, hydrograf, islos, ekspedisjonsleiar.

Kaare Andreas Zelow Lundquist gjekk i sin fars fotspor: Johan Peder Z. Lundquist var hydrograf i Sjøkartverket 1900-1937, og i fire år var han sjef for denne institusjonen.

Kaare Z. Lundquist, oppvaksen i Oslo, vart marineoffiser etter å ha fullført den treårige sjøkrigsskulen. Året etter, i 1935, tok han realartium. Dei neste tolv åra jobba han i sjøkartverket, i Wilhelmsens rederi og som kontorsjef i Norsk peldyralslag. Han var også to år i Marinen og blei av tyskarane sett i krigsfangenskap dei to siste åra av andre verdskrigen.

Frå mai 1947 og fram til han vart pensjonist i november 1979 var Lundquist tilsett på Norsk Polarinstitutt. Tittelen hans var hydrograf, og frå 1967 av var Lundquist nestleiar for instituttet. Men alt på 50-talet utvikla han seg til ein sentral person i administrasjonen. Lundquist fekk gode skussmål som ein leiar med gode samarbeidsevner. I 1959 søkte han den ledige stillinga som direktør for polarinstituttet. Mange trudde han skulle bli utnemnt, men departementet valde å henta inn Tore Gjelsvik.

Lundquist var også leiar for ekspedisjonane til Svalbard og Jan Mayen frå 1948 til 1965, inklusiv ansvaret for fyr- og merketenesta. Han innførte nye, elektroniske navigasjonsmiddel som ennå ikkje var i bruk på sjølve norskekysten.

I denne lange perioden skjedde ingen alvorlege uhell på ekspedisjonane. Lundquist kjente farvatna og istilhøva ut og inn, han var ein myndig og respektert leiar. I 1958 berga han ein internasjonal polarekspedisjon på Nordaustlandet, etter at dei svenske fartya vart stoppa av ismassane. Kong Olav vitja Svalbard med kongeskipet i 1961. Det var vanskelege forhold med drivis på veg inn Isfjorden, islos Lundquist klarte å berga skipet ut fjorden i siste liten.

Lundquist tenner lykta på Rudmosepynten. Foto: Norsk Polarinstitutt


Lundquist var også til nytte for sentrale styresmakter: Han var med i fleire offentlege kommisjonar og ikkje minst den norske forhandlingsdelegasjonen for delelinja i Barentshavet. I 1970 måtte Lundquist på kort varsel i land på Bjørnøya og fornya dei norske kravmerka ute på øya. Regjeringa var redd for at sovjetrussiske interesser skulle nytta høvet til å overta krava på utvinning av kol/mineral på øya og såleis få høve til å ta kontroll over Bjørnøya. Lundquist vann ”kappløpet”.

Kaare Lundquist var redaktør for Båteierboka 1977 (5. utg.)
I 1990 kom kom bind 7 av bokverket Den norske los: ”Farvannsbeskrivelse Svalbard og Jan Mayen”. Boka byggjer i stor grad på Lundquists arbeid.

Lundquist fekk Kongens fortenestemedalje i gull, og vart utnemnt til riddar av den svenske Nordstjerneordenen. Han var også æresmedlem i Norsk polarklubb og medlem i Asker kommunestyre for Høgre i 1968-72.

Litteratur om Lundquist:
Barr, Susan. “Norway - a consistent polar nation? : analysis of an image seen
through the history of the Norwegian Polar Institute”. Oslo: Kolofon, 2003