Vi jobber på spreng for å oppdatere oss med nytt innhold og design, og vi skal også sørge for at nettsiden er universelt utformet. Ny side lanseres medio 2023. Tilgjengelighetserklæring

Banner forside, Norsk Polarhistorie

1905 – Nansens tredje ekspedisjon?

Sosialradikal argumetasjon mot løyvingar

Nansens politikk var ei belasting snarare enn ein ressurs for tilhengjarane av polarekspedisjonar. Det kom til uttrykk t.d. i 1904 då Alfred Eriksen frå Arbeidarpartiet tok opp att den sosialradikale argumentasjonen mot slike løyvingar. Eriksen var ein ytterleggåande, republikansk nasjonalist i 1905, men han kunne ikkje utstå det æresspråket som blei brukt om polarløyvingane, som når det blei talt om "gåve", "offer", "plikt" osv. Nansens seinare antiparlamentariske aktivisme gjorde det heller ikkje lettare for dei venstrefolka som gjerne ville støtte etterfølgjaren Amundsen.

Amundsen laga ikkje så mykje nasjonal ideologi ut av ekspedisjonane sine som Nansen, men det var ein styrke snarare enn ein veikskap for han på heimebane. I det minste etter erobringa av Sørpolen i 1911 oppnådde Amundsen å bli ein meir samlande polarhelt enn Nansen nokon gong hadde vore. Amundsen skreiv forakteleg om knipne stortings-"bønner" i dagboka si i Antarktis. Men faktum er at stortingsbønder, sparepolitikarar og radikalarar hadde mykje større sans for Amundsen enn dei hadde for Nansen. Amundsen var ein bondepolitikar i polarisen: nytteorientert, nøktern, ytre sett smålåten (i alle fall ei god stund) og utan store ord om den nasjonale betydninga av det han gjorde. I kraft av dette appellerte han også til arbeidarrørsla. Jamvel etter at han hadde deltatt på møte i Fedrelandslaget og agitert for forsvarssaka, skreiv arbeidaravisene rosande om han. Det som samla, jamvel på tvers av mellomkrigstidas sosiale og politiske motsetningar, var beundring for vågemot, styrke og overlevingsevne og stoltheit over at nordmenn hadde gjeve så strålande prov på slike dygder. Ut over det skal ein vere varsam med å tildele polarentusiasmen spesifikk politisk betydning.