Vi jobber på spreng for å oppdatere oss med nytt innhold og design, og vi skal også sørge for at nettsiden er universelt utformet. Ny side lanseres medio 2023. Tilgjengelighetserklæring

Artikler fra www.polarhistorie.no

Det gamle kongeriket fødd påny

Det gamle kongeriket fødd påny

Det har vore ei vanleg oppfatning at dei norske polferdene mot slutten av 1800-talet også bidrog til den norske unionsoppløysinga i 1905. Men kor sterk var eigentleg koblinga mellom Nansen, venstrenasjonalismen og 1905?

Av Narve Fulsås


Fyrste bindet av Tor Bomann-Larsens biografi om Håkon og Maud, "Kongstanken" frå 2002, sluttar med at Fram kjem tilbake i 1896 etter tre år i polisen. Med det, seier han, var det gamle kongeriket fødd på ny, eit splitta land var blitt til ein samla nasjon, og folket kunne sjå framover mot større oppgåver, å "befri seg fra den fremmedes purpurkappe".

Dette er same perspektivet han lanserte i "Den evige sne: en skihistorie om Norge" frå 1993: "1905 utgjør den politiske epilog til det store historiske drama som fant sin avslutning ved Frams innseiling og vikingkongens gjenkomst en solskinnsdag i september 1896. Da Norge var hentet ut av den evige sne. (. . .) dette var det store samlende verk - forutsetningen for 1905". Det var også Nansen, meiner Bomann-Larsen, som viste veg ut av den politiske krisa våren 1905: "1905 er Nansens tredje ekspedisjon".

Ei slik tolking står i sterk kontrast til den marginale plassen polarbedriftene tradisjonelt er blitt tildelt i sjangeren "Norges historie". Det starta alt med Nansens svoger, den store venstrehistorikaren Ernst Sars. I boka hans om norsk historie 1885 - 1905 er unionsstriden det heilt dominerande temaet, men han nemner ikkje Fram med eit ord, og Nansen omtalar han kort bare for sin diplomatiske innsats i London etter unionsoppløysinga.

I eit perspektiv som er meir ope for massekulturelle fenomen enn Sars sitt var, vil kanskje polarbedriftene måtte gjevast større plass. Perspektivet til Bomann-Larsen er likevel meir misvisande, og ser ut til å vere resultatet av ei dobbel feilslutning: Ei retrospektiv feilslutning der 1890-åra blir lese baklengs med utgangspunkt i 1905, og ei intensjonal feilslutning der meininga med Fram blir identifisert med Nansens eigne ambisjonar.
 

Side 1

Aktive aksjonsorgan for polarekspedisjonane

Ser ein på debatten om polarekspedisjonane i samtida, blir ein slått av at dei konservative, unionsvennlege avisene Morgenbladet og Aftenposten var minst like aktive aksjonsorgan for polarekspedisjonane som venstreavisene.

Det var ei venstreregjering som avviste å løyve pengar til skituren over Grønland i 1888, og det var ei høgreregjering som sette fram forslag om at staten skulle finansiere Fram-ekspedisjonen mot Nordpolen både i 1890 og då det blei trong til ekstraløyving i 1893. Argumentet for å støtte polarekspedisjonar var at på dette området var der ein kappestrid mellom nasjonar om store symbolske profittar, dvs. om nasjonal ære.

Blant motstandarane kan vi finne i alle fall tre argumentasjonstypar. Éin var den tradisjonelle bondepolitiske, sparepolitiske og utilitaristiske: dette hadde ein verken åndeleg eller materiell nytte av. Ein annan var sosialradikal og gjekk ut på at polarekspedisjonar var noko for dei rike, og derfor burde dei også finansierast av dei rike og ikkje av vanlege folks skattepengar. Ein tredje trekte i tvil den vitskaplege legitimeringa: var ikkje dette i realiteten rekordorienterte sportsprestasjonar som ikkje vedkom staten?

Side 2

Venstre på unionsradikal plattform

Under fyrste stortingsdebatten om Fram i 1890 køyrde venstremannen Viggo Ullmann sterkt fram dei sosialradikale motargumenta. I 1893 støtta han løyving. Bakgrunnen er at Venstre i mellomtida hadde konsolidert seg på ei unionsradikal plattform. Det svekte dei sosialradikale motførestillingane og gjorde venstresida meir mottakeleg for høgresidas nasjonale retorikk i dette spørsmålet. Jamvel dei fremste sparepolitikarane snudde, slik at motførestillingane i 1893 fyrst og fremst kom frå enkelte sportsfiendtlege høgrefolk og vestlandske, kristne frå "Moderate Venstre".

Retorikken om å unngå at "framande pengar" skulle finansiere Frams drift over Polhavet, dvs. svensk finansiering ved Oscar Dickson, blei brukt både av Venstre og Høgre, og ingen sa at ein felles norsk-svensk ekspedisjon ville vore ein fin måte å styrke unionen på.

Men det inneber ikkje at for høgresida var Fram eit innlegg mot unionen. Høgre var like mykje som Venstre oppteke av å styrke og fremje landets internasjonale prestisje og arbeide for større likestilling innan unionen. På båe sidene var ein også oppteken av at polarbedriftene skulle samle nasjonen på tvers av politisk strid.

Kva var det som skapte strid? Det var nettopp unionspolitikken, og derfor måtte den, og Nansens eigne politiske sympatiar, haldast heilt i bakgrunnen under og etter ekspedisjonen. Fram skulle samle der unionsstriden kløyvde. Derfor var også dei konservative avisene så glade for at avrøystinga i Stortinget hadde vore "upolitisk", dvs. at der hadde vore motstandarar og tilhengjarar av løyving i alle parti.

Side 3

Sosialradikal argumetasjon mot løyvingar

Nansens politikk var ei belasting snarare enn ein ressurs for tilhengjarane av polarekspedisjonar. Det kom til uttrykk t.d. i 1904 då Alfred Eriksen frå Arbeidarpartiet tok opp att den sosialradikale argumentasjonen mot slike løyvingar. Eriksen var ein ytterleggåande, republikansk nasjonalist i 1905, men han kunne ikkje utstå det æresspråket som blei brukt om polarløyvingane, som når det blei talt om "gåve", "offer", "plikt" osv. Nansens seinare antiparlamentariske aktivisme gjorde det heller ikkje lettare for dei venstrefolka som gjerne ville støtte etterfølgjaren Amundsen.

Amundsen laga ikkje så mykje nasjonal ideologi ut av ekspedisjonane sine som Nansen, men det var ein styrke snarare enn ein veikskap for han på heimebane. I det minste etter erobringa av Sørpolen i 1911 oppnådde Amundsen å bli ein meir samlande polarhelt enn Nansen nokon gong hadde vore. Amundsen skreiv forakteleg om knipne stortings-"bønner" i dagboka si i Antarktis. Men faktum er at stortingsbønder, sparepolitikarar og radikalarar hadde mykje større sans for Amundsen enn dei hadde for Nansen. Amundsen var ein bondepolitikar i polarisen: nytteorientert, nøktern, ytre sett smålåten (i alle fall ei god stund) og utan store ord om den nasjonale betydninga av det han gjorde. I kraft av dette appellerte han også til arbeidarrørsla. Jamvel etter at han hadde deltatt på møte i Fedrelandslaget og agitert for forsvarssaka, skreiv arbeidaravisene rosande om han. Det som samla, jamvel på tvers av mellomkrigstidas sosiale og politiske motsetningar, var beundring for vågemot, styrke og overlevingsevne og stoltheit over at nordmenn hadde gjeve så strålande prov på slike dygder. Ut over det skal ein vere varsam med å tildele polarentusiasmen spesifikk politisk betydning.


Side 4

Landets fyrste store mediehending

Det er rett nok klart at feiringa av Fram-triumfen i 1896 var noko eineståande som landet knapt hadde opplevd før. Det var massiv oppslutning om triumfreisa langs kysten frå Tromsø til Kristiania, og i ein forstand var dette kanskje landets fyrste store mediehending.

Feiringa syner også at nasjonen som "førestilt", opplevd fellesskap hadde fått ein annan realitet i 1890-åra enn han hadde hatt tidlegare. Men for å forklare det bør ein heller feste merksemda på dei kommunikasjonsmessige føresetnadene som gjorde det mogleg - som telegraf, elektronisk nyheitsformidling og dagsaviser - enn på Fram-feiringa i seg sjølv.

Når det gjeld unionsoppløysinga, så er spørsmålet fyrst og fremst kva som gjorde ein ende på unionslojaliteten i Høgre. For å forklare det, kjem ein ikkje utanom den politiske historia. Den svenske statsminister Boströms "lydrikepunkt" i desember 1904 gjorde mykje meir for å fremje Venstres unionspolitikk enn Nansens eventyrlege nordpolsekspedisjon.


Side 5